Nyheiter

Forskerfabrikkens sommerskole i Brattvåg

Forskerfabrikkens sommerskole vart arrangert på Brattvåg barneskule i veke 26 frå måndag 27.06.16 til og med fredag 01.07.16 (09.00 - 15.00). Dette er fjerde året Haram Næring og Innovasjonsforum arrangerer Forskerfabrikkens sommarskole - i år i samarbeid med Nogva Motorfabrikk AS og Rolls Royce Marine AS i Brattvåg. Bedriftene si deltaking medfører lavare eigenandel for barna som deltek.
Tema i år er "Stjernestøv, elektrisk magi og den usynlege verden".
Vi har 26 plassar på årets sommerskule.

Nordøyvegen lønsamt prosjekt

Haram Næring og Innovasjonsforum har laga kronikk om Nordøyvegen, og dokumentert at dette er eit samfunnsnyttig og lønsamt prosjekt.
Nordøyvegen og Hamnsundsambandet bind saman Nordre Sunnmøre med Ålesund og Giske.
27.06.16 møtte HNI ved styremedlemmene Kjell Norvoll, Nogva Motorfabrikk AS og Asbjørn Rogne, Rolls Royce Marine AS fylkesutvalet. Dei understreka kor viktig rolle fylkespolitikarane har for at prosjektet skal bli fullført som planlagt. Dei gav og ros til politikarane for å stå samla om prosjektet.

Sjå vedlagde kronikk.

Innovasjonscamp i veke 23

Brattvåg ungdomsskule skal i år gjennomføre sin første Innovasjonscamp for elevene på 10. trinn. Mandag 6. juni opnar ein ei spennande veke med Kick-off og utdeling av oppdrag frå næringslivet i Haram. Haram Næring og Innovasjonsforum har tatt på seg å gjennomføre dette opplegget saman med Brattvåg ungdomsskule og Ungt Entreprenørskap.

Nettverksmøte i TafjordEnergiArena Haram

Tysdag 24.05.16 arrangerte Haram Næring og Innovasjonsforum nettverksmøte i TafjordEnergiArena i samarbeid med Tafjord Marked. TafjordEnergiArena Haram er eit program for systematisk og målretta arbeid for energiøkonomisering i eit nettverk av bedrifter i Haram. Leif Rune Vinje frå Tafjord innleia med å gå ghjennom kva programmet går ut på og kva gevinstar som er i det for bedriftene. Harald Lillebø frå Energiråd er fagperson i programmet, og han gjekk gjennom kva energiledelse er. Deretter gav teknisk sjef hos Marine Ingredients AS Frank Skogvoll døme på arbeid med energiøkonomisering i bedrifta deira. Til slutt vart det jobba i grupper med aktuelle tiltak i arbeidet.

Ny nettportal på tre språk

Vi opnar ny nettportal på tre språk

Ein ny nettportal (www.haram.no) skal få fart på integreringa av innvandrarar i Haram. Fullspekka med informasjon og på tre språk, skal portalen gjere det lettare å navigere i offentlege tenester, private bedrifter og få oversikt over fritidsaktivitetar.

Møteplass NAV og næringsliv

Haram Næring og Innovasjonsforum og NAV Haram inviterte til møte onsdag 6. april kl 08.30 ved Ingebrigt Davik huset, 2. etg. i konferansesalen. Mange bedrifter som er i ei omstillingsperiode og markedskoordinator NAV, Per Atle Sjåstad, orienterte om situasjonen på arbeidsmarknaden, bedriftsintern opplæring, tiltak, verkemiddel, omstilling og regelverk.

Haram kommune har 15,3 % innvandring. Mange av desse er arbeidsinnvandrarar. Kva gjer vi for å få desse integrert i Haram? Rektor ved Vaksenopplæringa, Ove Røv, fortalde om arbeidet med språkopplæring. Administrerande direktør Arild Åsemyr presenterte arbeidsretta språkkurs som dei har hatt ved Pharma Marine AS. Richard Hawkes fortalde om personlege erfaringar med sitt møte med det norske samfunn.

HARAMSKONFERANSEN 2016

HARAMSKONFERANSEN 2016 vart arrangert onsdag 10.02.2016 på Ingebrigt Davikhuset i Brattvåg.

Trykk les meir og du får tilgang til presentasjonane frå konferansen.

Møte om kommunereform og næringsliv

Haram Næring og Innovasjonsforum inviterer til informasjonsmøte og dialog om kommunereforma torsdag 21. januar ved Ingebrigt Davik-huset. Ordførar Vebjørn Krogsæter vil informere om kva alternativ Haram kommune arbeider med.

Seminar om robotisering

Det foregår en rivende utvikling innen produksjonsteknologi i verden i dag. Konkurransedyktig industriproduksjon i Norge vil forutsette at industrien er i forkant. Seminaret i Brattvåg samla 76 deltakarar som fekk ein gjennomgang av utfordringar og mulegheiter med automatisering, robotisering og 3D printing.

Sjå vedlagde presentasjonar.



Kreative næringar i Haram

Hoppid.no og Haram Næring og Innovasjonsforum ønskjer å invitere alle som arbeider med eller er interessert i kreative næringer til eit nettverksmøte. Forumet vert halde ved Brattvåg Hotell mandag 23. november kl 19.00. Dette er eit uformelt forum for utøvarar i kreative yrker, profesjonar og uttrykk. Kom for å høyre, utveksle, dele og bli kjent med andre utøvarar!

Frokostseminar Innvandring og Integrering

Haram Næring og Innovasjonsforum inviterte til frokostseminar torsdag 15. oktober kl 08.15 ved Brattvåg Hotell. Dette seminaret var tilrettelagt for dei som arbeidar med tilflyttarar/innvandrarar innan næringsliv, kommune eller frivillige lag og organisasjonar.

Møteplass for næringsliv og NAV

Haram Næring og Innovasjonsforum og NAV Haram inviterer til nytt møte for næringslivet onsdag 30. september kl 18.00 ved Ingebrigt Davik-huset, 2. etg. I desse spanande tider med ordrenedgang, permitteringer og oppseiingar ønskjer vi å informere om dagens reglar og morgondagens reglar for permitterings- og omstillingssituasjonen. Kva er eigentleg status i vår region? Marknadskoordinator NAV Per Atle Sjåstad vil ta oss gjennom dette området.

Haram Industrier AS har vore i drift sidan 1993. Kva arbeidsområde og produkt har eigentleg Haram Industrier AS? Dagleg leiar Rolf Inge Longva vil informere oss meir om kva bedrifta eigentleg arbeider med.

Informasjon om Hamnsundsambandet

Torsdag 28.08.15 arrangerte vi informasjonsmøte om Hamnsundsambandet og korleis næringslivet kan bidra til realisering av sambandet. Dette er særs aktuelt no når Nordøyvegen er i startgropa. Hamnsundsambandet er og viktig å få fram i diskusjonen om regionutvikling og ny kommunestruktur.
Sjå presentasjonar og informasjonsark.

Rådgjevarsamling VARD Søviknes 16.09.15

Onsdag 16.09.2015 arrangerte Maritimt Forum Nordvest og Haram Næring og Innovasjonsforum rådgjevarsamling hos VARD Søviknes i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune. Målgruppe er rådgjevarar i ungdomstrinn og vidaregåande og andre som kan vere interessert i temaet karriererettleiing. Her finn du presentasjonar frå samlinga.
.

Kurs i sosiale medier

Det var stor interesse for kurset "Bruk av sosiale medier som arbeidsverkty" som vart avvikla på ID-huset fredag 18.09.15. Høyskolelektor Cecilie Staude frå BI var kurshaldar. Ei oppsummering av det ho gjekk gjennom finn du under.

Haram vil halde på innvandrarfamiliane

Haram kommune styrkar tilbodet norskopplæringa og aukar tenestetilbodet til innvandrarane i kommunen. Det er nokre av grepa for å halde på dei som har kome til Haram på grunn av arbeid.

Stort engasjement på Nordøyane

Haram kommune inviterte til folkemøte mandag 15. juni ved Haramsøy samfunnshus. Det kom over 200 engasjerte innbyggjarar. Haram kommune og Sandøy kommune har fått midlar med fylkeskommunen til eit LUK prosjekt (lokal samfunnsutvikling i kommunane). Dette prosjektet skal få fram eit kunnskapsbasert faktagrunnlag ved hjelp av ei samfunnsanalyse. Telemarksforsking har fått dette oppdraget. Folkemøtet skulle vere med på å utvikle dialog og samarbeid på tvers av øyar, sektorar og lokalsamfunn. Lars Ueland Kobro ved Telemarksforsking leia folkemøtet og fekk oppleve eit levande samfunn med mange aktive innbyggjarar. Vi har eit ønske om at det skal bli vekst og utvikling når Nordøyvegen kjem. Dette klarer ikkje vegen å gjere sjølv, her er vi avhengige av levande lokalsamfunn og innbyggjarane. Han fekk med seg publikum til brainstorming og mange gode idear kom opp.

Folkemøte 15. juni Nordøyvegen

Haram kommune inviterer til informasjonsmøte om Nordøyvegen og sette samfunnet i stand til å "møte vegen" når den kjem. Måndag 15. juni kl 18.15 ved Haramsøy samfunnshus

Næringslivet engasert i Hamnsundsambandet

På vegne av næringslivet på Nordre har ei gruppe bedriftsleiarar engasjert seg for å medverke til realisering av Hamnsundsambandet. I diskusjonen om kommunestruktur og regionutvikling er effektiv transport fått stor vekt frå mange. Ein sterk region rundt Ålesund er viktig for næringsutvikling. Og for å bygge saman regionen er investering i vegsamband avgjerande. Mange har vist til Hafast og Møreaksen i samband med dette. For Nordre er Hamnsundsambandet nøkkelen til effektiv transport. Realisering av Nordøyvegen nærmar seg, og Hamnsundsambandet er ei naturleg forlenging av dette sambandet. Kort veg til Ålesund og flyplassen veg tungt, meiner gruppa av bedriftsleiarar!

SikkSakk Europa ved Lepsøy skule

I slutten av april var næringsrådgjevar, Inger Synnøve Remme, så heldig å få vere ekstern veileder i SikkSakk Europa ved Lepsøy skule. SikkSakk Europa ligg innunder Ungt Entreprenørskap og Haram kommune har vore med på dette programmet i mange år. Gjennom praktiske øvingar, spel og leik skal elevane lære meir om Europa.

Møteplass for næringsliv og NAV

Onsdag 8. april gjennomførte NAV Haram og Haram Næring og Innovasjonsforum sitt første møte i MØTEPLASS i Haram. Per Atle Sjåstad, marknadskoordinator NAV, informerte om korleis arbeidsmarknaden i regionen ser ut i dag og kva NAV har å tilby. Administrerande direktør ved Ulmatec Pyro, Jan Petter Urke, fortalte om bedrifta si historie og framtidsvisjon.

Robotisert Fabrikk med Læringsarena

Tysdag 17.03.15 var det seminar for prosjektet "Robotisert Fabrikk med Læringsarena" hos Møre Trafo AS i Sykkylven. Dei 20 deltakarane på seminaret fekk orientering om Møre Trafo AS og omvising i fabrikken. Særleg vekt på produksjonsteknologi og robotisering. Michael Westergren frå Prodtex AB hadde læringsøkt om "Anvendelse av ulike typer robotapplikasjonar." Roy Arild Tvedt frå Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune presenterte "Dagens fagopplæring, utfordringar og tankar for utvikling av fagopplæringa framover." Så gjekk Arne Tande gjennom status og planar for prosjektet "Robotisert Fabrikk med Læringsarena" før Michael Westergren avslutta med "Kombinasjon av rasjonell design og simulering" ved å vise eksempel.

Møte med bedrifter i Brattvåg

Haram Næring og Innovasjonsforum gjennomførte møte med næringslivet i Brattvåg ved Haram kompetansepark onsdag 11. mars kl 18:00. Det var godt oppmøte og mange gode forslag til saker kom opp. Dette er saker som Haram Næring og Innovasjonsforum vil arbeide vidare med framover. Saker som utpeika seg er klargjering av industriområde for næringsutvikling, korleis få tak i kvalifisert arbeidstakarar, informasjon og marknadsføring av Brattvåg/Haram.

Ulmatec Pyro AS Årets bedrift 2014

Gode resultat over tid, nye produkt og sterkt engasjement for lokalsamfunnet er høve som juryen har lagt vekt på i si grunngjeving. Ulmatec Pyro AS er vinnar av Fylkesprisen Årets Bedrift 2014. Bedrifta leverer energigjenvinningssystem for skip, der spillvarme frå kjølesystem og eksos vert henta ut og gjenbrukt om bord på fartøyet, noko som reduserer energibruken. Selskapet har i tillegg utvikla system for nye måtar å bruke energien på.

EnergiArena Haram

Haram Næring og Innovasjonsforum og energileverandør Tafjord Marked holdt onsdag 9. mars orienteringsmøte ved Ingebrigt Davik huset om EnergiArena Haram.

Haram vgs vert Ocean Industry School

Torsdag 05.02.2015 var det offisiell opning for Haram vidaregåande skule som Ocean Industry School. Dette er ein status som heng høgt, og som viser at skulen har kvalitetar og aktivitet som kvalifiserer til fagleg samarbeid med maritim og marin næring. Haram vidaregåande har statusen saman med Spjelkavik vidaregåande skule. Ulstein vidaregåande vert med seinare.
Haram vgs har i mange år hatt tett samarbeid med industrien på mange område. No skal dette settast enno meir i system, og det skal gjelde både yrkesfag og studiespesialiserande.
Poenget med Ocean Industry School er at bedriftene kan vere ein læringsressurs for elevar innan mange fag på ein utvida læringsarena. Elevane får kunnskap om næringa og ser karrierevegar i arbeidet med fag.

Møte med bedrifter Vatne Tennfjord

Torsdag 19.02.2015 var det oppfølgingsmøte med bedrifter i Vatne/Tennfjord. Temaet var arealplanlegging etter ønskje frå bedriftene. Haram kommune stilte med ordførar og fagpersonar. Konstituert einingsleiar Kjetil Grytten viste kart med fargekodar for arealplanen slik den er i dag.
Hege Gjøsund fortalde om planprosessen som er starta no, og vil vare ca to år framover. Det vert laga eit planforslag som skal ut på høyring. Kommunen er interesserte i forslag og innspel om behov - særleg når det gjeld næringsareal. Det vert invitert til temamøte om dette seinare.
Det vart diskusjon om temaet frå engasjerte deltakarar.

Møte for bedrifter i Tennfjord og Vatne

Haram Næring og Innovasjonsforum hadde møte med bedriftene i Tennfjord og Vatne ved Møre Hus AS onsdag 10. desember kl 18:00.

BASF avd Brattvåg solgt

BASF har signert ein avtale om å selge sitt produksjonsanlegg for medium konsentrert omega-3 fiskeoljer i Brattvåg til det amerikanske selskapet Marine Ingredients.

Boklansering: New in The Ålesund Region

Haram Næring og Innovasjonsforum har vore med og støtta boka "New in The Ålesund region". Dette er eit viktig verkty for regionen sine innflyttarar.

Informasjonsmøte om Hamnsundsambandet

Bedriftene frå Søvik, Gamlem og Grytastranda har etterspurt eit møte med leiinga i Hamnsundsambandet AS. Møtet vart halde hos VARD Søviknes måndag 15.09.2014 og tema var informasjon om status og framdrift i tillegg til diskusjon om korleis bedriftene kan støtte prosjektet. Styreleiar Svein Harsjøen innleia med å sette sambandet inn i ein samanheng. Deretter gjekk dagleg leiar Kjell Sandli gjennom status for prosjektet. Dei ca 20 frammøtte fekk ein interessant gjennomgang som førte til diskusjon og engasjement.

Vellykka seminar om netthandel

Haram Næring og Innovasjonsforum inviterte saman med Sparebanken Møre til eit seminar om netthandel. Kan servicenæringa i Haram dra nytte av netthandel? Eit spanande og informativt møte med engasjerte deltakarar.

Robotisert og automatisert industrifabrikk

Arne Tande er prosjektleiar for "Robotisert og automatisert industrifabrikk". Målet er å skape ein fabrikk som ved automatisering og robotisering kan vere konkurransedyktig med lavkostland for mekanisk produksjon. Dette for å ta heim att uteproduksjon og gjere produksjon i Noreg konkurransedyktig med lavkostland. Dette kan ein få til gjennom samarbeid mellom bedrifter som er for små til å klare eit slikt løft på eiga hand. Pr i dag er det 21 bedrifter som er med i prosjektet, og desse deltok på seminar på Finnøya 3. og 4.09.14. Status vart presentert, og dei fekk meir kunnskap om mulegheitene og diskuterte kva som vert vegen vidare i prosjektet. Torsdag 11.09.2014 deltok 20 personar frå vidaregåande skule i tilsvarande møte på Høgskolen i Ålesund.

Fagdag om integrering på ID-huset

Onsdag 13.08.2014 arrangerte Haram Næring og Innovasjonsforum fagdag om integrering saman med Bulystprosjektet. Prosjektleiar Therese Breen Brudevoll leia fagdagen, som samla 58 personar, dei fleste lærarar frå Brattvåg.
Målet med dagen var å få fram viktige problemstillingar og sjå på konkrete tiltak ved skulane, gjennom innlegg og diskusjonar skaffe deltakarane kunnskap, forslag til nye tiltak og motivasjon til arbeidet.

Vellukka sommarskule

Mandag 30. juni starta sommerskule i regi av Forskerfabrikken AS i gong ved Brattvåg barneskule. Forskarskulen er i samarbeid med Haram Næring og Innovasjonsforum og Sparebanken Møre. I år er temaet "Stjernestøv, elektrisk magi og den usynlige verden". 52 unger i alderen 10-12 år er fordelt på to grupper og skal ha ei veke med spanande forsøk og aktivitetar.

Felles fagdag om språk og integrering

Haram kommune arbeider aktivt for at tilflyttarar frå utlandet skal finne seg til rette og verte buande i kommunen. Vi er opptatt av at arbeidet skal vere basert på kunnskap, og fremje haldningar som ser innvandrarar som ressursar.

Nordre Forum

Nordre Forum vart etablert 16.06.2014 i eit møte på Haram vidaregåande skule (HVS). Forumet skal vere ein møteplass for HVS, Opplæringskontoret i Haram (OK Haram) og bedrifter i Haram, Sandøy og Midsund som rekrutterer lærlingar frå Teknikk og Industriell Produksjon (TIP) ved HVS.

Kurs nr 2 på Sommarskulen

Meir informasjon om sommarskulen finn du under.

Sommerskule med Forskerfabrikken

Haram Næring og Innovasjonsforum og Sparebanken Møre arrangerer sommerskule for elevar som skal opp i 5., 6. og 7. klasse til hausten på Brattvåg barneskule i veke 27.

Temaet er "Stjernestøv, elektrisk magi og den usynlige verden."

Frokostseminar Integrering

Haram Næring og Innovasjonsforum inviterte til frokostseminar om "Integrering i arbeidsliv og kvardagsliv" onsdag 26.02.2014. Dette er første av fire seminar . Det neste vert halde i september og då vil vi få resultat frå forskingsprosjektet "The multiethnic rural community: Exclusion or inclusion of immigrants", der Haram er casekommune. Vidareføring av lokale tema vert det også. 31 deltakarar frå kommune, næringsliv, fylkeskommune og frivillege deltok på seminaret

Sjå presentasjoner her

Årsmøte 12. juni 2014

Torsdag 12. juni kl 17:30 var det årsmøte i Haram Næring og Innovasjonsforum og stiftelsen Haram Innovasjonsstudio ved Vard Electro AS i Johangarden i Tennfjord

Næringsfond

Haram kommune fekk ikkje tildelt midlar til det kommunale næringsfond i 2014.

Lunsjmøte om fagopplæring

Tysdag 29.04.2014 arrangerte Haram vidaregåande skule, Opplæringskontoret i Haram og Haram Næring og Innovasjonsforum lunsjmøte om fagopplæring. Vi gjekk gjennom status og utfordringar og diskuterte kva vi kan gjere i lag for å nå målet om fleire godt kvalifiserte lærlingar til bedriftene.

SikkSakk Europa

SikkSakk Europa har vore gjennomført ved Brattvåg barneskule ved 6. trinn. Trinnet fekk besøk av næringsrådgjevar Inger Synnøve Remme. Ho er rettleiar for entreprenørskaps-programma Vårt Lokalsamfunn og SikkSakk Europa(SSE), og har no gjennomført dei fire øktene i SSE med 40 ivrige elevar. Haram kommune har ei Entreprenørskapsløype, noko som m.a. inneber at alle skulane i kommunen nyttar programma til Ungt Entreprenørskap.

Frukostseminar om integrering

Torsdag 02.10.14 møtte 27 personar frå kommune, skule og næringsliv fram for å høyre om resultat frå ny forsking om temaet integrering.
Susanne Søholt og Kristian Tronstad frå NIBR la fram resultat frå eit forskingsprosjekt der Haram kommune er ei av tre casekommunar. Det handla om sosial kontakt og busettingsmønster. Deretter presenterte Marte Fanneløb Giskeødegård frå Møreforsking arbeid frå doktorgraden sin om global arbeidsmarknad. Ho fokuserte på kommunikasjon i globale selskap der tilsette samhandlar tett sjøl om dei bur i ulike land og utfordringar kring kommunikasjon og språk/kultur. Det var gode diskusjonar etter innlegga.