Sjekk Inn 2017

Du kjem vel på Sjekk inn?

♥ du Sunnmøre? Lengtar du heim til ho mor? Då vil vi gjerne sjå deg på Sjekk inn på Campus Ålesund 28. desember.
________________________________________
I romjula vil dette vere staden der du som student, utflytta sunnmøring eller arbeidssøkjande har mulighet til å ta ein direkte prat med di drømme bedrift.
Sjekk inn 2017 arrangerast i romjula 28. desember på Campus Ålesund i kantina på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) bygget frå klokka 17.00 til 20.00. Det vert rigga for stands, omvising i nokon av simulatorane og mingling. Og arrangementet er gratis!

Kven kan eg møte?
28. desember vil by på eit mangfaldig arbeidsmarknad frå Ålesundsregionen.
Du kan blant anna møte Ekornes ASA, Adviso Advokatfirma AS, DRIW, Avento og Racer, Cordel Norge As, Havnevik AS, TAFJORD, Rolls-Royce Marine, Zegeba AS, FUS barnehagene, Sparebanken Møre, PwC, Stokke AS, Vard Group AS , ELLE mELLE AS, Servi Tech AS, Ørskog Sparebank, Haram Næring og innovasjonsforum, NAV Ålesund, Ålesund kommunale eiendom, Fagerlia vgs, Næringsforeningen Ålesundregionen, NTNU Ålesund, Steinsvik AS, Bypatrioten, Sunnmørsposten og kommunene i regionen.

Kvar kan eg melde meg på?
Meld deg på facebookarrangementet for oppdateringar, slik at du den 28. desember er klar for å Sjekke inn. Eller møt opp på Campus Ålesund i kantina på NMK, bruk hovedinngang til NMK.
Gjennom www.alesund.kommune.no/sjekkinn er du også oppdatert på praktiske opplysningar og bedriftsomtaler.


Kven står bak?
Sjekk inn arrangerast av Region Ålesund, kommunane Giske, Haram, Sandøy, Sula, Skodje, Ørskog, Sykkylven og Ålesund.
Fleire aktørar er også med på laget for romjulas happening; Samarbeidspartnarar som Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Sunnmørsposten, NTNU i Ålesund, ÅKP, Studentparlamentet, Næringslivsutvalget for studenter ved NTNU i Ålesund, Ålesund Sentrumsforening, Haram nærings- og innovasjonsforum, Sykkylven Næringsutvikling AS, Næringsforeningen Ålesundregionen, Giske næringslag, Skodje næringsforening, Bypatrioten og kommunane i Region Ålesund.


Velkomen!