Integrering i arbeidsliv og kvardagsliv

Therese Breen Brudevoll som er prosjektleiar for Haram kommune sitt Bulystprosjekt ønskte velkommen til seminaret.

Ole Helge Haugen gjekk gjennom statestikk for Haram kommune med relevans for arbeidet med tilflytting og samfunnsplanlegging. Han vektla at planlegging må vere basert på fakta, kunnskap og heilskapleg tenkjing. Kommunane har hatt for lite merksemd på innvandrarbølgen i motsetnad til mellom anna eldrebølgen. Innvandringa vil ha mykje å seie for korleis samfunnet vil verte i framtida.

Kjersti Hasselø snakka om kva ein kan gjere for at tilflyttarar skal kome og verte verande i kommunen. Lokal tilhørigheit og trivsel er viktig. Møreforsking har sett på dette, og trivsel på arbeidsplassen scorar høgt. Det same gjeld korleis tilflyttarar føler seg verdsett og tatt med. Bolig er også viktig. Oppsummert kan ein og seie at språk er nøkkelen til god integrering.