Aktivitet


Rekruttering og kompetanse

Haram kommune har sidan tidleg på 90-talet arbeidd systematisk med samarbeid kommune, skule og næringsliv. Gode relasjonar og systematisk utviklingsarbeid gir resultat. Vi har eit svært tett samarbeid med Opplæringskontoret i Haram og Haram Vidaregåande skule. Men vi har og samarbeid med grunnskulane og NTNU i Ålesund. Entreprenørskap, realfag og internasjonalisering er vektlagt saman med karriererettleiing/Utdanningsval i ungdomsskulen.

Bulyst

Vi skal arbeide for å skape eit attraktivt lokalsamfunn som gjer at folk trivst og har lyst til å bu i Haram. Tilflyttinga frå utlandet har auka sterkt sidan 2006, og difor har arbeid med tilrettelegging for denne gruppa vore prioritert.

Næringsutvikling

Haram er ei industrikommune. I 2013 hadde 48% av dei sysselsette arbeidet sitt i industrien. Slik sett er Haram den største industrikommunen i landet. I næringslivet skjer utviklinga raskt, og det er viktig for oss å bidra til å legge til rette for at eksisterande bedrifter får utvikle seg i Haram, at nye bedrifter etablerer seg i kommunen og at gründerar får gode vilkår slik at dei kan lykkast. Fallet i oljeprisen har gjort dette arbeidet enno meir aktuelt enn før.

Bu og arbeidsmarknadsregionen Haram vert i stadig større grad ein del av ein større bu og arbeidsmarknadsregion, og fleire av meldlemsbedriftene våre har aktivitet i fleire kommunar. Ein sterk region skaper attraktivitet, gir sterke kompetansemiljø og gode samferdselsløysingar. Derfor må vi vere aktive i det som skjer regionalt.

Globalisert næringsliv

Globaliseringa har stor effekt på næringsverksemda i ei industrikommune. Haram er blitt ei kommune med internasjonalt mangfold mellom anna på grunn av stor arbeidsinnvandring. Vi har og mange bedrifter som er etablert ute og som har internasjonal marknad og vi har bedrifter med utanlandske eigarar. Dette gir store utfordringar og mulegheiter for næringsutvikling.

Informasjon

Vi skal arbeide målretta for å informere på ein slik måte at folk får lyst til å etablere seg i Haram.