Siste nytt frå Nordøyvegen

Lansering av Nordøyportalen

Ny portal for bedrifter som tilbyr tenester til Nordøyvegen. Portalen er utvikla i samarbeid med Hatlehols og Avento AS, og lokale bedrifter har bidratt til å lage ein enkel og nyttig portal.

Klart for registrering i Nordøyportalen

Dei første anboda til Nordøyvegen er sendt ut, og aktiviteten startar til hausten.

Det blir mange oppdrag for lokale bedrifter. Noko for di bedrift?

Haram Næring og Innovasjonsforum har Nordøyportalen – www.nordoyportalen.no/registrering - i arbeid. Bedrifter kan registrere seg, og presentere seg for entreprenørane som vinn anboda. Portalen vert ferdig i slutten av august. Bedriftene som har registrert seg, får då brukarnamn og passord og kan redigere profilen sin når portalen er ferdig.

Når portalen er ferdig i august, satsar vi på å ha mange bedrifter registrert.

Vel møtt i Nordøyportalen!

Last ned informasjonsfolder

Viktige fristar

Viktige fristar å merke seg for fire utlyste kontrakter!

Slår saman kontrakter

Statens Vegvesen slår saman kontrakter på Nordøyvegen

Endeleg byggestart

I natt stemte Stortinget for byggestart for Nordøyvegen. Statens Vegvesen har allereie sendt dei fire første delprosjekta ut på anbod. Oppstart kan bli i oktober, seier prosjektleiar for Nordøyvegen Marianne Nærø

Stortinget behandlar bompengesøknaden

19. juni 2017 vert bompengesøknaden vedtatt i Stortinget.

Dette er siste politiske vedtak, og det er klart for å lyse ut dei første kontraktane før ferien. Arbeidet kan starte til hausten.

Framdrifta finn du i presentasjonen på neste side

Grunnerverv

Siste om grunnerverv datert 19.05.17 frå Statens Vegvesen si facebookside:
Fleire har spurt oss om kor langt vi har kome med grunnerverv og leigeavtalar, så her er ein status for arbeidet:
- På Myklebust nærmar det seg avslutning på grunnerverv og inngåing av leigeavtalar. Vi er også i avslutningsfasen på grunnerverv og leigeavtalar på Fjørtofta. Vi har prioritert arbeidet på desse stadane fordi det er her vi skal starte anleggsarbeidet på prosjektet.
- Vi har no starta med å erverve grunn langs dagens veg på Longva, der vi også skal starte med anleggsarbeidet. Neste stad vi startar grunnerverv er på Hestøya.
- På Lausund på Lepsøya er ikkje grunnerverv og leigeavtalar kritisk for starten på Nordøyvegen. Her startar arbeidet med å gjere avtalar med grunneigarane først neste år.
- På Skjeltene er vi ferdige med grunnerverv og leigeavtalar for brakkerigg og båtplass. Det same gjeld på Austnes, der vi var ferdige for fleire år tilbake.

Nordøyvegen gjennom Statsråd

22.05.2017 vart ein ny milepæl for Nordøyvegen passert. Prosjektet vart godkjent av regjeringa, og då skulle positivt vedtak i Stortinget vere sikra. Siste spenningsmoment er om bompengesøknaden kjem på dagsorden i Stortinget før ferien. Positivt vedtak er sikkert no.
Dermed blir dei første kontraktane utlyst før ferien, og arbeidet kan kome i gong til hausten.

https://www.nrk.no/video/PS*clip/fd9a2f25-3c12-4ee6-9a2f-253c127ee6db

Sjå vedlegget om framdrift i prosjektet og link til nrk.no

Nordøyportalen

Stortinget skal gjere vedtak om godkjenning av bompengar i Nordøyvegen. Dette vert truleg gjort i vår. Då går dei første anboda ut i haust. Bygginga er i gang. For at så mange bedrifter som muleg skal få tilgang til oppdrag i prosjektet har HNI starta arbeidet med ein portal - Nordøyportalen. Vi har tenkt at den skal innehalde tre element: Siste nytt, oppdragsgjevar kan legge ut behov dei har og bedrifter kan legge ut informasjon om seg sjøl og kva dei kan gjere.
Interessert?

Informasjonsmøte om Nordøyvegen

Mange mulegheiter

Nordøyvegen er eit kjempestort prosjekt.

Næringsforumet er opptatt av at dette skal kome så mange bedrifter som muleg lokalt og i regionen til gode - og at det kan vere mulegheiter for arbeid til så mange som muleg som er ute etter ny jobb!

I samarbeid med prosjektleiar Marianne Nærø i Statens Vegvesen inviterte vi til informasjonsmøte på Ingebrigt Davik-huset onsdag 01.03.17 kl 18.00.

Kinosalen på Ingebrigt Davik-huset var fullsett av interesserte, som først fekk orientering om arbeidet med realisering av Nordøyvegen v/ styreleiar i Nordøyvegen AS Bjørn Sandnes.

Etterpå hadde prosjektleiar i Statens Vegvesen presentasjon av framdrift, anbod og mulegheiter for lokalt næringsliv. Så vart det opna for spørsmål.