Sommerskule med Forskerfabrikken, Brattvåg barneskule veke 27

I fjor arrangerte vi Forskerfabrikkens sommerskule for første gong. Arrangementet vart særs vellukka med mange ivrige unge forskarar i sving.

Årets sommerskule har nytt tema, og vi kan love 5 dagar med aktivitet, forsking og læring som er full av eksperiment og forsøk.

Mål

Hovedmål for veka er at elevane skal ha det gøy og bli inspirert til å lære meir om naturvitskap og teknologi.

Deltakarane får gjere mange ulike aktivitetar, alt frå å jakte mikrometeorittar, dyrke bakteriar, utforske elektrisitet, lage ballongrakettar og mykje meir.

På sommarskulen blir du flinkare i naturfag og vi lærer kjemi, fysikk, astronomi og biologi. Aktivitetane er kobla opp mot læreplanmål for 5.-7. trinn.

På sommerskulen får du:

• Gjere spannande eksperiment kvar dag!

• Bruke ordentleg laboratorieutstyr

• Ha på labfrakk og vernebriller når du treng det

• Gå ut på ekskursjonar

• Ha det gøy!

• Lære noke nytt og treffe nye venner

Kvar elev får kurshefte, mikroskop og t-skjorte til odel og eie.

Fysisk aktivitet

Kvar dag vil det også bli tid til fysisk aktivitet ved at vi leiter etter mikrometeorittar, smådyr eller har gymforskning.

Påmelding her www.forskerfabrikken.no