Sommarskulen

Kurs nr 1 vart fort fullteikna med mange på venteliste. Gledeleg for oss at interessa er så stor. Leitt for dei som fekk beskjed om at det var fullt. Men vi opna for påmelding til kurs nr 2! Så då fekk vi plass til 26 deltakarar til! Pr 20.06.14 er begge kursa fullteikna, og dermed vert det 52 deltakarar i år også. Sommarskulen vert arrangert på Brattvåg barneskule i år som i fjor. Det er fire kursleiarar frå Forskerfabrikken. Brattvåg Barneskule deltar med ein lærar som assistent i år som i fjor. Det set vi stor pris på, for det er fin etterutdanning for han! Sparebanken Møre er uvurderleg samarbeidspart for å få til arrangementet. Tema i år er:  "Stjernestøv, elektrisk magi og den usynlige verden".

Sjå: www.forskerfabrikken.no