SikkSakk Europa

I første økta av SSE jobbar elevane med omgrepa ressurs og region. Dei får lære om fornybare og ikkje fornybare ressursar, og dei vert gjort merksame på ressursar i eige nærmiljø.

I andre økta får dei kunnskapar om handel på tvers av landegrensene, og dei lærer omgrepa eksport og import.

I tredje økta spelar elevane SikkSakk Europa-spelet, som handlar om å drive ei eksportbedrift for fisk. Dei får gjere investeringar, og ser at hendingar i Europa påverkar prisar og samspelet mellom ei lokal bedrift og den internasjonale marknaden.

I fjerde økta nyttar elevane kunnskapane dei har fått om ressurs, region og internasjonal handel til å designe eigne bilar. Dei får i oppdrag å utvikle ein bil for ei målgruppe, og må ta stilling til kvar bilen skal produserast og kva marknad ein innrettar seg mot.

SSE er prega av stor elevaktivitet der elevane lærer ved å gjere. Dette engasjerer dei, samstundes som det stimulerer «kreativitetsmuskelen». Det er også ei kjensgjerning at ein lærer betre når ein har det kjekt! Underteikna var til stades i tredje økta, og fekk sjå positive og engasjerte elevar spele brettspelet SikkSakk Europa.

Gjennomføring av programmet SSE Europa er del av ei langsiktig tenking for å auke entreprenørskapskompetansen hos elevane. Slik kan ein få fram fleire gründerar i framtida og dermed skape nye arbeidsplassar. Det er såleis viktig å byrje tidleg og å tilføre elevane jamnlege kunnskapsdrypp om entreprenørskap gjennom heile skuleløpet.

I Haram si industrihistorie finn ein mange dyktige gründerar, og entreprenørskap i utdanning vil vere eit viktig bidrag for få fram nye