Fagdag om språk og integrering 13.08.14

Haram kommune arbeider aktivt for at tilflyttarar frå utlandet skal finne seg til rette og verte buande i kommunen. Vi er opptatt av at arbeidet skal vere basert på kunnskap, og fremje haldningar som ser innvandrarar som ressursar.

Når barn og unge flyttar hit, og skal starte i norsk skule utan å kunne norsk språk og med minimal kjennskap til norske forhold, vert dette ei stor utfordring for PPT, skulane og lærarane.

Målet med dagen er å dele kunnskap og erfaringer om integreringsarbeidet i grunnskulen og i PPT, og at alle skal ha konkrete tiltak dei kan ta med til eigen arbeidsplass og eigen arbeidssituasjon.

Program for dagen
09.00 – 09.15: Introduksjon av tema v/Marit Gaustad. Flyktningkonsulent i Haram kommune.
09.15 – 10.00: Fakta om innvandring v/Kjersti  Hasselø  frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
10.00 – 10.15: Pause
10.15 – 11.30: Arbeid i gruppe: Status på eigen arbeidsplass.
11.30 – 12.30: Lunsj
12.30 – 13.30: Arbeid i gruppe: Erfaringsutveksling og idemyldring
13.30 – 13.45: Pause
13.45 – 14.45: Arbeid i grupper :  Konkrete tiltak og prioritering.
14.45 – 15.00: Pause
15.00 – 15.30: Oppsummering og avslutning

Last ned