Starte og drive bedrift

Har du nye idear – eller vil du starte bedrift - kan vi hjelpe deg i gong. Næringsrådgjevar kan hjelpe med rettleiing og informasjon om støtteordningar. Vi har og tilbod om mentorhjelp.

Vi tilbyr gratis rettleiing, og vi kan gi deg verdifull informasjon og kontaktar via våre nettverk.

Vi samarbeider med Hoppid.no, som  er eit system for gründerhjelp i Møre og Romsdal.

Sjå www.hoppid.no

Haram kommune har hatt Hoppid-kontor sidan 2006.

Vidare samarbeider vi med inkubatoren i Ålesund Kunnskapspark.

Ta kontakt med

Næringsrådgjevar Inger Synnøve Remme
99424139, inger.synnove.remme@haram.kommune.no

Kommunalt næringsfond i Haram

Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Haram kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder.

Prosjekt som fremjar entreprenørskap hos unge, kvinner og innvandrarar vert oppfordra til å søkje næringsfondet. Etableringar som har forretningsadresse i kommunen (i samsvar med firmaopplysningar i Brønnøysund), som er nyskapande og som gir moglegheit for mange nye arbeidsplassar, vert spesielt prioriterte.

Søknaden vert skriven på www.regionalforvaltning.no

Søknadsfrister:

31. januar

30. april

30. september

30. november

Last ned