Dette er ein annaleis sommarskule full av eksperiment og forsøk. Der andre forskarar reiser verda rundt etter mikrometeorittar, gjer vi det i Brattvåg. Med mikroskop, som ein får til odel og eige, kan ein sjå mykje spanande som ein elles ikkje ser. Korleis får ein ei lyspære til å lyse? Korleis kan ein dyrke bakteriar? Korleis lage ein ballongrakett? Dette og mykje meir foregår no ved Brattvåg barneskule.

Tusen takk til engasjerte instruktørar og kjekke deltakarar. Vi vil òg rette ei stor takk til vår sponsor Sparebanken Møre, som gjorde det muleg å få Forskerfabrikken AS hit i år òg.