Netthandel ein trussel eller mulegheit?

Netthandel er komen for å bli. Kan servicenæringa i Haram dra nytte av dette? Kva for mulegheiter og trusler ser vi i dagens marknad? Korleis kan næringsdrivande utnytte mulegheitene som ligg i netthandel? Kan elektronisk kommunikasjon påverke bedriftens resultat?

Banksjef Mette Kolvik frå Sparebanken Møre ga først ei oversikt over kva for utviklingstrekk ein kan sjå i bransjane handel og tjenesteytande næringar. Det er spesielt dei under 30 år som nyttar netthandel mest, men det er stadig fleire som handlar på nett. Vi fekk sjå utviklinga dei siste 6 åra og trenden i handlingsmønsteret.

Hans Otto Brekke, fagsjef utvikling nl, tok opp kva ein må ha på plass før ein skal byrje med nettbutikk. Gode tips vart her presentert.

Line Frostad kom med Motebua sine erfaringar med nettbutikk. Dei har drive med netthandel sidan 2012 i samarbeid med Miinto.no. Interessant og lærerikt for alle tilhøyrarane. Salen kom med ein del spørsmål og det vart ein god diskusjon om temaet netthandel.

Næringsrådgjevar og Hoppid kontakt, Inger Synnøve Remme, viste kva ein må tenke på når ein skal velge korleis ein vil ha nettbutikken sin. Erfaringar frå blant anna Elektrohandel AS og AS Bok & Papir vart representert.