Prosjektet har kartlagt behova i bedriftene og hatt kontakt med miljø i Norge og i utlandet slik at vi kan ha ei oversikt over kva som skjer på området. Det viser seg at industrien i Norge har komt kort samanlikna med land som Sverige, Danmark, Finnland, Tyskland, England og USA. Styresmaktene i desse landa har og engasjert seg sterkt for å bygge opp att industriproduksjonen ved å satse på robotsisering og automatisering.

Prosjektet arbeider for å få til samarbeid mellom bedrifter, utanningsinstitusjonar og myndigheiter.

Ein viktig del av prosjektet vert å utvikle ein læringsarena i fabrikken for å utvikle kunnskap i bedriftene og opprette tett samarbeid med utdanningsinstitusjonar både på vidaregåande og høgskulenivå.

Bedriftene gav klar melding om at læringsarenaen tilknytt til eit produksjonsmiljø hadde dei tru på. Frammøte og interesse frå vidaregåande skular i regionen på møtet 11.09.14 gav oss signal om å arbeide vidare etter opprinneleg plan. Samarbeid med bedriftene og vidaregåande skular vert viktig framover.