Lærarar samla til fagdag om integrering

Marit Gaustad ved flyktningekontoret og Kjersti Hasselø frå Møre og Romsdal fylkeskommune innleia for å setje arbeidet inn i ein samanheng. Ny einingsleiar for grunnskule i Haram, Bjørn Nedreskodje, kom med erfaringar han har frå arbeidet som rektor ved Skarbøvik ungdomsskole.
Deltakarane jobba med ulike oppgåver for å få oversikt over problemstillinger og tiltak på eigen skule, og for å kome fram til nye konkrete tiltak.

Det kom fram fleire aktuelle problemstillinger og gode forslag til løysingar i løpet av dagen. Resultata vart omarbeidde og sendt ut til deltakarar og andre interessentar i etterkant av fagdagen.

Dersom du har spørsmål knytt til fagdagen kan du ta kontakt med Therese Breen Brudevoll på tlf: 48956117 eller per e-post: therese.breen.brudevoll@haram. kommune.no