Integrering i arbeidsliv og kvardagsliv

Nokre av funna til Susanne Søholt og Kristian Tronstad:
Innvandrarane bur i alle delar av kommunen, men ein finn ei viss sentralisering. Arbeidsinnvandrarane bur meir spreidd enn flyktningane. Det kan ha å gjere med kommunikasjonar og tilgang til eigen bil. Innvandrarar i Haram har god kontakt med andre, men opplever at det er vanskeleg å bli godt kjent med folk. Kontakten skjer gjennom aktivitet i nabolag og i fritidsaktivitetar. Innvandrarane bur spreidd på same måte som andre lokalt i motsetnad til mønster ein finn i byane. Dei bur nær nok til å ha sosial kontakt med naboane. Diskusjonane etterpå viste at det er behov for variasjon i type bustader i kommunen.

Marte Fanneløb Giskeødegård:
Ho har studert kommunikasjon i eit stort selskap med bedrifter i mange land. Kven er dei viktigaste samarbeidspartane for personar som arbeider i globale selskap? Korleis  verkar kulturbakgrunn inn på kommunikasjon og forståelse? Ho viste korleis kulturelle kodar er med på å forme dette. Ho var og opptatt av at ein såg på mulegheitene med mangfald - og ikkje berre var opptatt av utfordringane. Kva mulegheiter gir t.d. kompetansen til innleigd arbeidskraft for bedriftene og lokalsamfunna?

Prosjektet til NIBR vil vere avslutta i 2016.