Initiativ frå bedrifter i Søvik, Gamlem og Grytastranda

Kjell Sandli gjekk gjennom historikken , viste tre alternative trasear og gjekk gjennom kva som er gjort til no. Analyser og utredningar som er gjort viser at det ikkje er noko vesentlege moment til hinder for å byggje vegen. Han viste og til mange gode argument for kvifor dette er eit godt og nyttig prosjekt både for bedriftene og kommunane. Frå bedriftene si side vart det understreka kor viktig det er å få tilrettelagt for å ha god tilgang til arbeidsplassane i Søvika. Det vart og vist til at Hamnsundsambandet vert ei naturleg forlenging av Nordøyvegen. Utan Hamnsundsambandet vil Nordøyane få ein tungvint kommunikasjon med Ålesund og flyplassen, vart det vist til.

Det vart foreslått å danne ei gruppe som kan arbeide aktivt for Hamnsundsambandet på vegne av bedriftene.