BASF og Marine Ingredients signerte avtale om kjøp av avdelinga i Brattvåg 21. november. Marine Ingredients har vore i omega-3 bransjen sidan 1984, og er ein leiande produsent av mykgelatin kapslar og flytande formuleringar basert på høgkvalitets omega-3. Selskapet er lokalisert i USA. Avdelinga i Brattvåg er godt nøgd med resultatet. Dei har god kjennskap til sin nye eigar og har solgt omega-3 til Marine Ingredients i mange år.