Felles utfordringar for næringsutvikling

På møtet vart det tatt opp saker som er aktuelle og som ein ønsker å diskutere og arbeide vidare med. Felles utfordringar for næringsutvikling er målet og Haram Næring og Innovasjonsforum vil arbeide med saker som kjem opp. Særleg to saker peika seg ut. Det eine var arealplanlegging og regulering. Det andre var samarbeid mellom småbedrifter og marnadsføring av området for å vise kva som finst.

Haram Næring og Innovasjonsforum vil invitere til nytt møte på nyåret, der ansvarlege for arealplanlegging og reguleringsarbeid i haram kommune kan vere til stades.