Offisiell opning av Ocean Industry School 05.02.2015

Jan Magne Helland ønskte gjestane velkommen til opninga. Arnfinn Ingjerd representerte ein av initiativtakarane til Ocean Industry School - Maritimt Forum. Han understreka kor naturleg det var at Haram vgs kom med, og viste til mangeårig godt og utviklingsorientert samarbeid mellom Haram vgs, Haram kommune og næringslivet. Eit eksempel for andre i følge Ingjerd!

Stig Bjørkedal frå VARD Group presenterte VARD - korleis VARD er som selskap, korleis dei hadterer nedturar i marknaden og korleis dei tenkjer om framtida. I alle samanhengar skal VARD vere å stole på, og viktige pilarar er konkurransekraft, kreativitet og kompetanse. Han peika særleg på kor viktig lærlingane er for bedrifta og han nemnde og TAF som verdifull utdanning.

Roar Engås representerte Rolls Royce Marine i Brattvåg, som med sine omlag 500 tilsette er hjørnesteinsbedrift i Haram.  Han peika på kor viktig det var at bedrifta fekk produksjon av styremaskiner i konsernet til Brattvåg, og understreka at bedrifta er på kartet i Rolls Royce Marine! Han gjekk gjennom og viste til at alle kompetanseområda for Ocean Industry School er aktuelle for bedrifta         .

Jan Magne Helland gjekk gjennom den imponerande rekka av samarbeidstiltak skulen alt har med næringslivet og Haram kommune. No skal dette over i ein ny og høgare divisjon!

Med matøkta vart opninga ein viktig møteplass for framtidig samarbeid!