Haramskonferansen

Haramskonferansen 2013

Satsingar innan olje og gass - kva mulegheiter gir dette for næringslivet i regionen?

Torsdag 14.02.13 inviterte Industriinkubator Nordre Sunnmøre/Ålesund kunnskapspark og Haram kommune/Haram Innovasjonsstudio til konferanse om temaet. Her er presentsjonar frå konferansen.

Haramskonferansen 2014

Haramskonferansen vart arrangert torsdag 13. februar på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg.
Målet med konferansen er at den skal vere matnyttig på kontraktsnivå og at det skal vere ein viktig møteplass.

Haramskonferansen 2015

Den tredje Haramskonferansen vart arrangert torsdag 12.02.15 på Ingebrigt Davikhuset. Og alle dei tre konferansane har hatt same hovudtema - mulegheiter for fastlandsindustrien innan oljeteknologi. Det har vore presentert planar for subseautbygginga, og no fekk vi sjå kva som var realisert og korleis utstyret fungerer. Det er og interessant å sjå at Offshore Simulatorsenter AS gjennomfører opplæring for Statoil. Dei møttest for første gang på Haramskonferansen 2013. Vi såg og bilete av kraner i bruk frå Axtech AS i Molde. Kraner som var presentert på Haramskonferansen 2014.

Sjå presentasjonane frå konferansen som er vedlagt.

HARAMSKONFERANSEN 2016

HARAMSKONFERANSEN 2016 vart arrangert onsdag 10.02.2016 på Ingebrigt Davikhuset i Brattvåg.

Trykk les meir og du får tilgang til presentasjonane frå konferansen.

Haramskonferansen 2017

Haramskonferansen vart arrangert for 5. året på rad tirsdag 14. februar ved Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. I år hadde vi over 260 påmeldte. I tillegg vart konferansen streama via Haram kommune sin WebTV.