Ingebrigt Davikhuset torsdag 12.02.15

Professor Hans Petter Hildre ved Høgskolen i Ålesund leia konferansen.

1. Olje / gass og subseautbygging
Det er stor satsing på gjenbruk og restutvinning på oljefelta. Dette er svært krevjande med omsyn til testing, utvikling av ny teknologi saman med bruk av kjend teknologi, samarbeid mellom alle involverte, presisjonsutfordringar og ikkje minst handtering av tunge og store modular som skal ned på djupt vatn! Simulering i opplæring og testing vart trekt fram som svært viktig, og miljøet i Ålesund fekk mykje ros som foretrekt samarbeidspartner gjennom Offshore Simulator Centre AS.


2. Region - utdanning og næring
Haramskonferansen er opptatt av kompetanse. Høgskolen i Ålesund er viktig samarbeidspart. Vi inviterer studentar til konferansen, og Offshore Simulator Centre AS utviklar framtidas opplæringsmetodar for krevjande operasjonar. Dei var med i år som i 2013 og 2014.
Per Erik Dalen presenterte ÅKP og mulegheitene ved det nye programmet Global Centre of Expertise (GCE), der mulegheitene i Havrommet er sentralt.


3. Nye bedrifter
Arne Tande presenterte status og vidare planar for prosjektet "Automatisert og Robotisert Fabrikk med Læringsarena". Det handlar om utvikling av produksjonsteknologi og kompetanse for at industrien kan vere konkurransedyktig. Produksjonskompetanse er grunnlaget for innovasjonsevna.
Sjur Velsvik presenterte eit nytt prosjekt for effektiv fangst, transport og distribusjon av energi frå energikjelder med temperatur under 0 grader.