Spennande møteplass

Initiativtakarane var glade for eit godt oppmøte og det er tydeleg at dette er eit opplegg som ein har interesse av å halde fram med. Målet er å innføre to møte årleg, der ein tek opp aktuelle tema frå NAV og næringslivet i Haram.

Per Atle Sjåstad, Marknadskoordinator NAV, åpna med å fortelje litt om arbeidsmarknaden i regionen. Vi fekk presentert ferske tal frå Haram. Trenden viser at vi får færre ledige stillinger, og dei ledige stillingane krev ein del utdanning. Uro i marknaden vil vi få oppleve, og det er svært viktig at næringslivet tek kontakt med NAV i tidleg fase. Samarbeid er nøkkelordet!

Jan Petter Urke, Administrerande direktør Ulmatec Pyro, snakka om bedrifta si historie og framtidsvisjon. Bedrifta har hatt ei sterk utvikling sidan etablering i 1951. Visjonen om å utvikle eitt nytt produkt kvart år er krevande, men Ulmatec Pyro har vist at dette er muleg. Bedrifta ser på kompetanse som viktig konkurransefortrinn. I 2014 vart bedrifta kåra til "Årets bedrift" i Møre og Romsdal.

Vi avslutta kvelden med sosialt samvære og lett servering. Vi håpar at alle hadde ein interessant og lærerik kveld.