Realisering av Hamnsundsambandet er viktig

Næringslivet i regionen opplever krevjande konkurranse, og mange bedrifter vurderer utflagging som tiltak for å betre konkurransekrafta. Trua på skapande krefter og dyktige folk gjer at dei gjerne vil vere i regionen. I tillegg er trua på gode og effektive kommunikasjonar i framtida viktige element for satsing lokalt.

Utvikling for regionen er avhengig av næringsutvikling. Og "flaggskipa" er maritim og marin næring. Desse bedriftene seier at effektiv transport er særs viktig for næringsutvikling! Dette gjeld kostnader / bruk av tid, og det handlar om attraktivitet og ein større bu- og arbeidsmarknad.  

Hafast og Møreaksen er kjende prosjekt. Regjeringa kom nettopp med melding om at ferjeavløysingsmidlar kan nyttast i finansiering av vegprosjekt. Dette fører til at Nordøyvegen vert ein realitet. Hamnsundsambandet er ei naturleg forlenging av Nordøyvegen, og vil gi folk og bedrifter på Nordre kort veg til Ålesund og flyplassen. Kortare reise vil spare miljøet, spare kroner og tid - og gi meir fleksible transportløysingar til Ålesund og til Søre Sunnmøre.

Hamnsundsambandet vil vere viktig for byutvikling i Ålesund.  Bynære bustadområde og friluftsområde for byen er ettertrakta i ein by med lite areal i sentrum. Effektiv transport til Ålesund vil gjere at folket på Nordre når tak i utdanning og kulturtilbod i byen - og omvendt.       

Hamnsundsambandet bind saman eit område med mange bedrifter med stor verdiskaping!