Stor oppslutning på folkemøte 15. juni ved Haramsøy samfunnshus

Forskar Lars Ueland Kobro vart positiv overraska då han besøkte Haramsøya på mandag. Han reiser mykje rundt til ulike lokalsamfunn og kommuner i Noreg. Over 200 møtte opp til folkemøte og salen var full av ivrige "Haramsborgarar". "Dere er et uvanlig folk. Utfra innbyggertalet skulle det ha vært 43 mennesker her i kveld, men her er det jo stappfullt!" sitat frå Kobro. Næringsrådgjevar Inger Synnøve Remme, tok òg opp at å skape engasjement på Nordøyane er ikkje noko problem. Engasjement er der allereie i fullt monn! Dette lovar godt for vidare arbeid med å "møte vegen" og få skape vekst og utvikling på Nordøyane. 

Foredraget til Kobro finn du her

Tusen takk til Haramsøy samfunnshus og deltakarar på folkemøtet.