Haram vil halde på innvandrarfamiliane

I dag utgjer innvandrarar 14,3 prosent av befolkninga i Haram, som er ein stor kommune innan den maritime klynga. Dei fleste av dei er arbeidsinnvandrar i den maritime industrien.

- Mange har har etablert seg med familie og bustad, og vi vil gjerne at dei skal bli her sjølv om arbeidsmarknaden har stramma seg til for enkelte bransjar. Innvandrarane er ein ressurs for lokalsamfunnet, som vi vil ha med vidare og også ønskar ta meir del i aktivitetar på fritida, seier rådmann Turid Hanken.

Det blir jobba med å få på plass arbeidsretta norskkurs, og servicetorget i kommunen får ei tilflyttarteneste som skal kunne gi råd og rettleiing til dei som allereie bur i kommunen. Vaksenopplæringa i Haram har no tilsett ein dagleg leiar som skal jobbe aktivt med å tilpasse og vidareutvikle tilboda i norskopplæringa, ut frå dei behova som er i kommunen og næringslivet.

Andrea Gergelyova, er innvandrar frå Slovakia, har budd ni år i kommunen, og understrekar også at norskkunnskapar er vesentlege for å bli godt integrert.

- Det er i stor grad opp til kvar enkelt kor raskt ein blir integrert, men det å lære seg norsk tidleg er viktig, seier Gergelyova.

Ein rapport frå NIBR (Norsk Institutt for By- og Regionforsking), som er skrive på oppdrag frå Haram, slår fast at kommunen er på rett veg. Samtidig går det frem av rapporten at mange har dårlege kunnskapar i norsk, og at det er ein av faktorane som hindrar dei i å delta i frivillige lag og organisasjonar.

- Vi veit at det å delta på fritidsaktivitetar har mykje å seie for læring av norsk og for trivselen, og er ein sentral del av integreringa. Difor kjem vi om kort tid med ein ny nettportal for Haram, som skal gi innvandrar praktisk informasjon få dei til å bli kjent med tilbod som er i kommunen. Portalen skal også vere ein tilretteleggar blant anna for en aktiv fritid. Vi håpar det fører til at fleire finn seg enda betre til rette og trivast i kommunen, seier Hanken.


Ifølge NIBR-rapporten er det få innvandrarar som har flytta frå kommunen, og at dei som bur der, jamt over er godt nøgde med både jobb, bustad og nabolaget dei bur i.


For utfyllande info, ta kontakt med:
Therese Breen Brudevoll, Haram Næring og Innovasjonsforum, 48956117, therese.breen.brudevoll@haram.kommune.no

Rapporten frå NIBR finn  du her

Vi vil takke innbyggjarane i Haram kommune som har bidrege til informasjon i rapporten!