Målet med samlinga var å presentere industri og kompetansebehov i framtida, slik at rådgjevarane har oppdatert kunnskap og konkret oppleving for arbeidet med rettleiing av ungdom i regionen. Maritim industri opererer med svingande konjunkturar, og no er det vanskeleg marknad. Kva seier vi til ungdom om behovet i næringa over tid?

VARD presenterte seg og la vekt på langsiktigheit og satsing på kompetanse.

Ivar Roald frå Haram vgs viste eit konkret døme på karriererettleiing på studiespesialisering som tema for EU-prosjekt i samarbeid med skular og bedrifter i Haram, Skottland og Italia. (sjå link)

Studentane Andrea Misund og Sindre Holberg viste mulegheitene for utdanning ved Høgskolen i Ålesund.  (Sjå link)

Produksjonssjef Arve Krogsethagen Vrad Søviknes og lærling Preben Jensen viste korleis fagarbeidarar kan ha karrieremulegheiter i VARD.

Assisterende prosjektleder Geir Andreas Seth, VARD Brattvaag viste karrieremulegheiter som TAF-ingeniør. Industrien trekte fram kor viktig TAF er, og det vart frå industrien sterkt oppmoda om å sende signal til fylkeskommunen om at vi treng ikkje fleire omkampar for TAF sin eksistens!

Lærling Leif Arne Ytterland, Fiske og fangst, Ålesund videregående skole viste eigen veg som skulelei ungdomsskuleelev til fagarbeidar. Mange er i den situasjonen, og det passar ikkje for alle å starte på vidaregåande rett frå ungdomsskulen. Behov for fleire mulegheiter til læring gjennom arbeid - og skule seinare.

Økonomisjef Nils Arve Engeseth og personalsjef Lars Kaggerud presenterte Mørenot - ei bedrift som har endra seg frå lokal produksjonsbedrift til eit internasjonalt konsern med stor tru på framtida og med mange karrieremulegheiter. (sjå link)

Ein optimistisk prosjektleiar Oddvar Skarbø i det marine arenaprosjektet Legasea viste framtidsmulegheitene innan marin næring. Ny næringsverksemd basert på ressursane i havet vil skape nye arbeidsplassar på mange område - også i maritim industri. (sjå link)

Deltakarane fekk så ei runde på eit av nybygga på verftet.