HARAMSKONFERANSEN 2016 – Sett av datoen 10.02.2016 på ID-huset i Brattvåg

Tema: SKIFTANDE TIDER

Vi har delt konferansen i tre delar:

1.     Rammevilkår


Næringsminister Monica Mæland som starta med «Verkemiddel i ei omstillingstid».

Håvar Risnes frå Innovasjon Norge presenterte konkrete og sentrale verkemiddel industrien kan nytte i dag.

Direktør i Norsk Industri Knut E. Sunde vurderte situasjonen for industrien. Han vil presenterte Norsk Industri sitt heilt ferske konjunkturbarometer. 

2.     Offshore og maritim

Konsernsjef Roy Reite og informasjonsdirektør hege Akselvoll presenterte VARD med temaet «Korleis møter VARD skiftande tider?»

Konsernsjef Ståle Kyllingstad i IKM Gruppen gav eit optimistisk bilete av situasjonen innan olje/gass. Han venta ei stabilisering til sommaren og så ein svak oppgang.

Arne Tande viste praktiske aktivitetar som er på gang i RobTek AS.

3.     Fiskeri og havbruk

Salmar la vekt på utvikling og korleis bransjen bidrar til å skape aktivitet for andre, noko dei to neste innlegga var gode døme på.

Mørenot AS og Knut Berge har hatt ei særs spennande utvikling siste åra – ikkje minst i samarbeid med havbruk og bedrifter som Salmar.

Rostein AS frå Sandøy kunne fortelje om det same. Nytenking og satsing på teknologi for å møte kundane sine behov er viktig, og dette la styreleiar Glen Bradley stor vekt på!

Professor Hans Petter Hildre ved NTNU i Ålesund var dagens konferansier