Integrering i Haram

Lagbygging

Haram har tradisjon for å ta godt i mot alle som flyttar til kommunen. Dette har vore naudsynt for å sikre arbeidskraft til industrien. Kommune og næringsliv har difor også gått saman om slagordet; «Haram – tradisjon for lagbygging i verdsklasse!».

Utan arbeidsinnvandring hadde vi aldri vore der vi er no. Vi har vore heilt prisgitt arbeidskraft frå andre land gjennom fleire år. Det skulle difor berre mangle at vi ikkje legg til rette for at dei skal trivast når dei bur her, seier Inger Synnøve Remme, næringsrådgivar i Haram Næring og Innovasjonsforum.

>>> Trykk her for å gå til http://www.haram.no/

I dag utgjer innvandrarar 15,3 prosent av befolkninga i Haram kommune. Dei fleste av dei er arbeidsinnvandrar innan den maritime industrien, men det er også fleire andre som treng informasjon om kva for tilbod som er i lokalsamfunnet.

Nettportalen er eit av tiltaka vi har sett i verk for at folk skal kjenne seg velkomne når dei flyttar til Haram. Her kan ein finne relevant informasjon både med tanke på jobb og fritid. All informasjon er presentert på engelsk og polsk i tillegg til norsk, seier rådmann Turid Hanken.

Integrering

Språk er ein vesentleg faktor for vellukka integrering. Haram har difor tidlegare etablert ei tilflyttarteneste på servicetorget, og det blir køyrt arbeidsretta norskkurs.


Vi såg at mangelfulle norskkunnskapar hindra mange i å delta i fritidsaktivitetar, som igjen er ein viktig faktor for å bli integrert i lokalsamfunnet. Vi styrka difor norskopplæringa for dei som kjem hit. Med den nye nettportalen tar vi steget enda lenger, seier Remme.

Fakta:

Folketalet i Haram har auka frå 8800 til 9200 dei siste 10 åra.

Talet på innvandrar har auka frå 400 til 1395 i same periode, og utgjer i dag 15.3 prosent av folketalet.

Innvandrarane kjem frå til saman 61 forskjellige nasjonar.

Dei fleste kjem frå Polen og er arbeidsinnvandrar til den maritime industrien.

Nær halvparten (46,9 prosent) av dei sysselsette jobbar i industrien.