TafjordEnergiArena er delt i tre:

1. Kartlegging
Her får bedrifta hjelp frå fagperson som gjer ei grundig analyse av bedrifta. Det vert laga ein rapport    som syner både kostnad og gevinst ved tiltaka

2. Opplæring
Energiledelse og informasjon som engasjerer og aktiviserer tilsette er avgjerande for godt resultat. Det er og viktig med tett oppfølging, gode verktøy for måling og visualisering av resultat. Ny teknologi og ny kunnskap vert tilgjengeleg. Utviklinga går fort, og med det grøne skiftet kjem nye krav.

3. Gjennomføring
Bedrifta gjer ei vurdering av kva tiltak som er mest lønsame. Bedrifta får hjelp til å søkje støtte hos ENOVA. Det vert invitert til nettverksmøte der bedriftene får ny kunnskap og kan lære av kvarandre.