Bedriftene på øyanse har aldri vore meir avhengige av gode kommunikasjonar. Asbjørn Rogne gav døme frå Rolls Royce Marine der tilsette ofte arbeider ved ulike anlegg. T.d. er folk frå Longva ofte ved NMK i Ålesund og omvendt. Han viste og til at det er ei gunstig tid for eit stort vegprosjekt no i og med at det er fleire ledige på arbeidsmarknaden, og det er ikkje så mange store prosjekt på gang. Han viste og til stor vilje i næringslivet i regionen til omstilling og endringsprosessar, og at kommunikasjonar er vesentleg faktor for bedriftene. Nordøyvegen vil vere ei vitamininnsprøyting hevda han.
Kjell Norvoll viste til situasjonen for Nogva Motorfabrikk AS. Dei har kjøpt eit indutribygg på Haramsøya med tanke på snarleg oppstart av produksjon der. Produksjon bedrifta sårt treng. Men usikkerheita med omsyn til Nordøyvegen har sett avgjerd om omstart på vent. For bedrifta er det viktig å få ny produksjon i gang, og dei kan ikkje vente lenge. No er håpet at Nordøyvegen kjem, og at Nogva Motorfabrikk nyttar lokala på Haramsøya til industriproduksjon.