Brattvåg Ungdomsskule

Undervisningsprogrammet Innovasjonscamp er utvikla av Ungt Entreprenørskap og vert gjennomført i samarbeid med Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal.

Formålet med Innovasjonscamp er:

  • Elevane skal bli kjende med lokalt arbeids- og næringsliv.
  • Elevane skal få kunnskap om ulike yrker og utdanningsløp.
  • Innovasjonscamp gjev eit godt utgangspunkt for kontakt og samarbeid med bedrifter i nærmiljøet.
  • Elevane får trening i å sjå mulegheiter og ta konsekvensar av eigne val.
  • Elevane skal erfare og sjå korleis arbeidsprosessen i produktutvikling og problemløysing fungerer.

Vi har fått inn 9 spennande oppdrag som elevane skal arbeide med denne veka. Fredag 10. juni skal elevane leggje fram løysingane for ein jury, der dei tre beste vert premierte. Premiane er sponsa av Sparebanken Møre.

I juryen sit:

Henrik Dalelid Vedde – Ungt Entreprenørskap, grunnskule Sunnmøre

May Britt Roald – Hoppid.no Møre og Romsdal fylkeskommune

Odd Einar Molnes – Haramsøy skule

Les meir om Innovasjonscamp her