Ingebrigt Davik-huset 02.11.2016

Direktør i Teknologirådet Tore Tennøe innleia om teknologisk utvikling og utfordringar norsk industri står overfor. Nasjonale og internasjonalt leiande leverandørar og forskerar viste utfordringar og mulegheiter for å gjere konkurransesituasjonen betre for bedriftene gjennom konkrete løysingar for robotisering.
Seminaret hadde også ein viktig del av foredraga retta mot additiv produksjon, ei framtidig ny mulegheit innan produksjonsteknologi.
I mange vestlege land er det store satsingar for å utvikle produksjonsteknologi som gir betre konkurransesituasjon som kan bidra til å tilbakeføre produksjon som er sett ut til såkalla lavkostland.  Kunnskap om tilgjengeleg produksjonsteknologi er viktig for å produsere, designe og konstruere for optimal produksjon.
Seminaret gav innsikt i additiv produksjon, robotløysingar og mulegheiter med robotisert transport. Kompetanseutvikling er jokeren i saka, seier direktør i Teknologirådet Tore Tennøe.

Og kompetanseutvikling i regionen er nettopp ei av målsettingane til RoboTek AS: Sjå www.robotek.no