Fagopplæring industrirørleggjarfaget

Norskkurs VARD Piping AS

Konsept for arbeidsretta språkopplæring
Vaksenopplæringa i Haram, Haram Næring og Innovasjonsforum, VARD Piping AS og Opplæringskontoret i Haram utvikla eit konsept for arbeidsretta språkopplæring hausten 2016.

1. Innhaldet er arbeidsretta og tar utgangspunkt i praksis og arbeidsgjevar sine behov
2. Det vert tilpassa deltakarane sine føresetnader/nivå
3. Det vert lagt til rette for eigeninnsats og heimearbeid

Mål for kurset:
Deltakarane skal kunne bestå norsk fagprøve i industrirørleggarfaget.

Organisering
Det vert arrangert kurs hos VARD Piping AS med timetal og tidsperiode etter avtale med bedrifta tilpassa aktivitetsnivå i produksjonen. Deltakarane skal ha eigenaktivitet og heimearbeid.
Kursleiar får ein kontaktperson i bedrifta som hjelper til med å lage ordliste og oppgåver.
Bedriftsleiinga er med i oppstarten og understrekar at dette er viktig for bedrifta og prioritert aktivitet! Andre tilsette vert orientert og oppfordra til å bruke norsk i dialog med kursdeltakarane. Bedriftsleiinga etterspør korleis det går undervegs.

Metode
Kursleiar får god innsikt i bedrifta og produksjonen i samarbeid med kontaktperson i bedrifta. Det vert laga ordliste over relevante omgrep, og der det er muleg vert det tatt bilete. Ordlista er utgangspunkt for setningar og aktivitet for å trene språket. Det vart laga samling av frekvente setningar - modellsetningar. Praktiske oppdrag frå dagleg arbeid - og seinare i kurset - eksamensoppgåver frå tidlegare år vert brukt til å lage øvingar, og det vert lagt vekt på skriftlege oppgåver.
Som avveksling kan vi ta lokale tema for å trene norsk og verte betre kjend med lokalsamfunnet.
I starten vert det tatt ein test for å kartlegge nivå, testen vert gjentatt i slutten av november.

Prosjektleiing
Ressursgruppe møtest jamnleg for å utvikle og justere kurset. Den består av HR-Manager Anne - Marit Hagelund og lærlingekontakt Bjørn Tore Aas, VARD Piping AS, kursleiar Geir Breivik, Dagleg leiar Opplæringskontoret i Haram Marit Håhjem Volstad og Dagleg leiar HNI Guttorm Ulla.

Deltakarane gjennomførte alle femtimars skriftleg eksamen 01.12.2016.