Styrker gründerarbeidet i Haram

Hoppid.no er Haram kommune si førstelinje til hjelp for gründerar i kommunen. Oppgåva er lagt til Haram Næring og Innovasjonsforum i Haram Kompetansepark. Her kan alle som har planar om å starte bedrift få hjelp - rettleiing og også litt økonomisk starthjelp. I tillegg administrerer HNI næringsfondet i kommunen, som og kan yte hjelp til gründerar. HNI sørger for samanheng mellom gründerhjelp og annan næringsutvikling.

I hoppid.no får gründerar tilbod om kurs og møteplassar der dei treff andre i same situasjon.

Hoppid.no i Haram organiserer entreprenørskapsopplæring i skulen.

HNI kan og hjelpe meir modne prosjekt vidare til inkubatoren i ÅKP, eller til Innovasjon Norge.