Haramskonferansen 2013

Satsingar innan olje og gass - kva mulegheiter gir dette for næringslivet i regionen?

Torsdag 14.02.13 inviterte Industriinkubator Nordre Sunnmøre/Ålesund kunnskapspark og Haram kommune/Haram Innovasjonsstudio til konferanse om temaet. Her er presentsjonar frå konferansen.

Det vart sett fokus på Norges nye fastlandsindustri, oljeteknologiindustrien, som har ei omsetting på over 360 mrd kr i året.

To store prosjekt vart presentert:

1. Shell sitt pilotprosjekt "Ormen Lange Future Compression Project"
2. Statoils utviklingsprosjekt "Åsgard Subsea Compression Project"

Lokale bedrifter presenterte korleis dei vil møte utfordringane og mulegheitene frå oljeteknologiindustrien.

Eit nytt prosjekt som industriinkubator Nordre Sunnmøre arbeider med vart presentert, og dagen vart avslutta med paneldebatt.