Konferansen gjennomført på 5.året på rad

Vi fekk besøk av Statsminister Erna Solberg som vart mottatt med nytraktet kaffe servert av Robotek AS sin robot.

Årets konferanse hadde tittel "Omstilling i regionen" og vart profesjonelt leia av dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest.

Konferansen vart opna av Ordførar Vebjørn Krogsæter,  og var prega av optimisme og framtidstru for industrien i regionen.

Knut E Sunde i Norsk Industri kom med gladmelding om ny kontrakt til VARD på krillskip for Aker Biomarine.

Statsministeren understreka kampen mot arbeidsløyse og Mikael Mäkinen omtalte vidare satsing i Norge for Rolls Royce Marine AS.

Maritim kompetanse innan utdanning og forsking vert styrka gjennom NTNU i Ålesund, SINTEF Ålesund og ÅKP Blue Innovation Arena.

Ønskjer du å sjå deler av konferansen så finn du dette her

Presentasjonene finn du her.