Kjell Norvoll presenterte Nogva Motorfabrikk AS. Nogva Motorfabrikk AS er ei bedrift som går godt. Kjell viste kor viktig historia er og at bedrifta har kompetente og lojale medarbeidarar. Han la vekt på kompetanse bygt ved at yngre lærer av dei meir erfarne, og at folk trivest. Bedrifta prioriterer å ha lærlingar.

Arne Tande gjekk gjennom status for Robotek AS, og viste konkrete prosjekt bedrifta har vore engasjert i. Han vektla å bygge kompetanse gjennom å ta relevante prosjekt for bedriftene. Gode case for læring. Han viste og til aktivitet og nettverk som Robotek har for å kunne ta ei rolle som kompetanseleverandør for bedrifter i regionen. Problemstilling, simulering og testing med roboten er viktig arbeid for å kome fram til gode løysingar.

Håkon Raabe frå SINTEF Raufoss belyste problemstillinga: Robotisering berre for store bedrifter? Han ga mange gode eksempel og viste til at det skjer mykje innan ny teknologi - og det skjer fort. Difor er det viktig at bedriftene følgjer med på utviklinga.

Fredrik Linge Klock presenterte masteroppgåva si frå NTNU: Verdens beste fagarbeider? Han støtta Kjell Norvoll sin filosofi med at yngre må lære av dei med erfaring, og konkluderte med at gode haldningar er den viktigaste føresetnaden for å bli dyktig.

Masterstudentane Tollak Kaldheim og Jon Harstad gjennomførte gruppeoppgåve utifrå problemstillingar knytt til grunnar for automatisering i bedrift. Dei skal nytte informasjonen i oppgåva si, og gjennom oppgåvene fekk deltakarane ein nyttig runde med diskusjon og refleksjon med utgangspunkt i situasjonen i eigen bedrift